Sunday, October 18, 2009

Venter spent på miksen...



Har hatt band-helg på Stord i helga. Me har spillt inn eit par låta med Flash Flood Area, og store deler av tida gjekk med til å få trommelyden riktig :) Det er så mange trommer som må ha riktig lyd. Siden eg er svært lite hjelp når det gjelder å finne denne lyden har eg venta masse. Er fasinert over kor mykje litt (eller masse) gaffatape kan forandre og bedre lyden. Låt ganske bra til slutt. Så fekk eg no synga litt då, før det var meir venting... :)

No glede eg meg te å høre låtene ferdig miksa og få dei ut på myspace. Blir nice.

Monday, September 7, 2009

Gamle naboer blir som nye


I år har fleire av mine gamle naboa frå knappen feira seg sjølv og sine 25 år. I helga va da nærmaste nabo sin tur. Alltid kjekt å møta på gamle venninnner.. Særlig når det går eit år mellom kvar gong. Den gode nyheten e at mor til Beathe skal flytta te knappen igjen, så kanskje me sees viss me e heima på besøk samtidig. Me skal uansett prøva å møtas litt meir framøve... Men da sa me sist og, så me får sjå korleis da går :) E vertfall fint å observera at uansett kor lang tid da går mellom kvar gong e me rett tebake te barndomsvenninner med masse å snakke om.. 

Friday, August 21, 2009

Konsertdager


Dei to siste dagane har vore prega av diverse musikk :) På onsdag hadde eg ein herlig terapeutisk kveld på Coldplaykonsert på Koengen. Hadde litt vondt i beina etterpå, men det var verd det. Var ein aldeles nydelig kveld. I går stod Flash-Flood Area, som eg er vokalist i, for første gang på scena. Det var kjempegøy å opptre, og veldig kjekt at så mange tok turen. Glede meg til Haugesund neste veka :)

Wednesday, August 12, 2009

Rydding i skapet og hatter og sånn...




Sommertid er tid for å rydde i skapet. I dag tok eg for meg skapet heime hos mor og far... Der fann eg eit lite stykke personleg historie. Det har seg nemlig sånn, at når eg var yngre gjekk eg gjennom ein hatte-periode i livet mitt. Ein kunne ofte observere meg med diverse hattar i diverse fargar. Det var altså nokre av desse hattane eg fann att i skapet. Eg måtte sjølvsagt prøve dei på, og samanlikne med den eine hatten eg brukar innimellom no for tida (den grønne såklart). Og eg må jo dele det med dykk :)

Tuesday, July 28, 2009

Sommer, sommer, sommer!




                                                                                                                                                                                                                                    Min barndoms sommar er for det meste assosiert med ein stad i vårt vene land, Sogndal. Det kjennes aldri så mykje ut som ferie som når eg befinn meg 
på Barsnes. Det speler ingen rolle om været minnar meir om haust enn sommar (det er tross alt vestlandet me snakkar om her). Har så vidt fått tilbragt nokre dagar innerst i fjorden. Var på sett og vis heldig med været. På søndag var det tendensar til sol når eg var på stølen, og regnet kom ikkje før på ettermiddagen i går. Ein kort, men fin tur til hytta gjorde godt. I morgon er det tid for jobbing kl 7 :)

Saturday, July 18, 2009

Juliregn


Har vore uvanlig varmt og fint vær så langt denne sommaren.. Men når man bur i Bergen slepp man ikkje unna regnet(da uvanlige e at da regne nedover og ikkje bortover). For meg passe været til humøret. Av ein eller anna grunn e ikkje ting bra i dag. Ekstra irriterande med sånt når da ikkje e noke grunn for da.. Då kan man liksom ikkje klaga øve da heller.. Da her e med andre ord ikkje klaging, berre ein konstatering :)

Tuesday, June 23, 2009

Glade turister blant gamle ruiner






















Har vore på ein aldri så liten ferie i Roma. Fantastisk å komma seg vekk litt! Roma er absolutt ein by fullstappa med historie. E ganske sært å gå ned ei gata og plutselig ser du svære ruiner, eldre enn 2000 år gamle. Har fått ein ganske heftig dose av kulturell input ved å sjå blant anna Collusseum, Vatikanet (museum, sixtinske kapell, peters kirken ++), Spansketrappen, Pantheon og masse anna, inkludert Circo massimo (som no egentli berre e ein svær grasplen, men tidligare va da den viktigste plassen for kappkjøring med stridsvogner.. hehe.. For ikkje å snakka om at dei fylte den med vatn og gjenskapte sjøslag der.. Folk drukna faktisk.. Sære romere). Fekk oss til og med ein dag på stranda i varmen. Rart å komma heim te gråvær og 12 grader...